Om Podlen & VTA
Me har tru på at arbeid gir meistring og livskvalitet for alle
Podlen Verkstad er arrangør av arbeidsmarknadstiltaket VTA – verdiskapande tilrettelagt arbeid.

Kva er VTA?
Eit varig arbeidstilbod, tilpassa deg
VTA er eit arbeidstilbod til uføretrygda personar som ønskjer ein meiningsfull og sosial arbeidskvardag. Me legg vekt på meistring, fellesskap og tryggleik, der kvar enkelt får høve til å bidra ut frå eigne ressursar.
Gjennom dei ulike avdelingane våre får tilsette varierte og tilpassa arbeidsoppgåver. Eventuelt overskot i bedrifta vert brukt til å styrke drifta og arbeidstakarane i VTA.
Meistring
Arbeid gir meistring og livskvalitet for alle.
Tryggleik
Faste rutinar i eit trygt og humørfylt miljø.
Fellesskap
Ein sosial arbeidskvardag med gode kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Variert arbeid i fem avdelingar
Frå vask og snikkararbeid til ved, pakking og butikkdrift – det finst oppgåver for ulike interesser og føresetnader.


Arbeidstrening for elevar
Me samarbeider med lokalsamfunnet og gir elevar frå vidaregåande skule arbeidstrening.
Viktig lokalt
På Heiane industriområde, like ved E39 – ein ressurs for Fitjar, Stord og Sveio.
ISO 9001:2015
Podlen Verkstad er godkjent etter ISO 9001:2015 for kvalitetsstyring.
Er du nøgd, sei det vidare. Er du ikkje nøgd, sei det til oss!
Me tek gjerne imot ros og ris.